Skip to main content

– Det er viktig å kunna formidla vitskapane våre på norsk

SPRÅKRØKTAR: Maria Hammerstrøm både bruker og forvaltar norsk fagspråk. (Foto: Privat)

Arbeidet med å overføra Språkrådet sine termwikiar til Termportalen er i full gang. Så langt har termbasane for astronomi, bibliotekfag, biologi, celle- og molekylærbiologi, kjemi, klima og lingvistikk funne vegen til termportalen.no. 

Bak termbasen for astronomi står ei faggruppe leia av astrofysikar og vitskapsformidlar Maria Hammerstrøm. 

Hammerstrøm la merke til behovet for eit godt tilgjengeleg norsk fagspråk allereie tidleg i studietida. 

– Då vi studentane skulle snakka saman, blei det mykje blanding mellom norsk og engelsk. Vi visste ikkje kva ting heitte på norsk, sidan pensum og undervising gjekk føre seg på engelsk, og det blei veldig rart, seier Hammerstrøm. 

 

 

 

Kontakta av Språkrådet

Som student skreiv Hammerstrøm eit blogginnlegg nettopp om norsk fagspråk i astrofysikkfeltet. Det blei fanga opp av Språkrådet, som inviterte Hammerstrøm til eit møte. Resultatet blei astronomi-termbasen, der fleire sentrale fagpersonar innanfor feltet er involverte. 

– Det er fleire professorar frå Institutt for teoretisk astrofysikk ved Universitetet i Oslo som er med i faggruppa. Dei har vore veldig interesserte i å bidra med tida og kunnskapen sin, seier Hammerstrøm. 

Som vitskapsformidlar har Hammerstrøm førstehandskunnskap om kor viktig fagspråket er i formidlinga. 

– Skal ein driva med formidling, funkar det ikkje å plutseleg ha mange engelske ord i ei norsk setning. Har ein eit norsk fagspråk, vil folk forstå betre kva det handlar om, seier ho. 

– Det er viktig å kunna formidla vitskapane våre på norsk. 

Har testa ut Termportalen

No som termbasen for astronomi er ferdig importert til Termportalen, har Hammerstrøm òg fått prøvd ut redigeringsapplikasjonen. Der har ho lagt inn både nye termar og omgrepsrelasjonar i dei gamle termpostane. 

– I Termportalen kan ein laga hierarki av korleis omgrep heng saman. Det kunne vi ikkje i termwikiane, seier astrofysikaren. 

Ho meiner arbeidet med omgrepsrelasjonar kan gi auka forståing for fagomgrepa. 

– Du blir tvungen til å verkeleg tenka gjennom korleis termane blir brukte og relaterer seg til kvarandre, seier ho. 

Forslag om dobling av budsjettet til Termportalen

Av Vetle Mikkelsen

Etter at regjeringens handlingsplan for norsk fagspråk i akademia ble offentliggjort i juni i år, har det terminologiske miljøet knytta til Termportalen venta i spenning på statsbudsjettet.

Nå er det klart at regjeringen følger opp ordene i handlingsplanen med bevilgninger i statsbudsjettet: Regjeringen foreslår å styrke bevilgningen til Termportalen med fire millioner kroner.

– Dette er helt fantastisk og viser at regjeringen mener alvor med handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia som de la fram i juni, sier Marita Kristiansen, faglig leder for Termportalen.

– En styrking av Termportalen med fire millioner kroner vil gjøre det mulig å sette fart på arbeidet med å samle og gjøre tilgjengelig terminologi på bokmål, nynorsk og engelsk. Vi er allerede godt i gang, men det er et omfattende arbeid som skal gjøres, og det haster, sier Kristiansen.

– En økt bevilgning vil også gi rom til å videreutvikle samarbeidet med andre instanser som arbeider for å fremme norsk fagspråk, avslutter hun.

Frå ord til handling: Tid for terminologiarbeid i akademia

Den 8. september arrangerte Termportalen et seminar om norsk fagspråk, handlingsplan og terminologiarbeid i universitets- og høgskolesektoren med tittelen Frå ord til handling: Tid for terminologiarbeid i akademia.

Tema for dagen var korleis regjeringa sin handlingsplan best kan følgjast opp.

Etter ei forrykande kunstnarleg opning ved Anne Randine Øverby, dirigent og kunstnarisk leiar av Opera Bergen og vakker musikk av Hanna Veits (fiolin) og Johanna Saaek (cello) var tema for seminarets del I føringane i handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia.

Margareth Hagen, rektor ved UiB, Åse Wetås, direktør i Språkrådet, Gro Tjore, assisterande direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og Erlend Hem, instituttsjef i Legeforskningsinstituttet og professor ved UiO deltok i panelet som diskuterte føringane i handlingsplanen, trygt leia av Siri Kleiven Strøm.

VIKTIG MED FORANKRING PÅ LEIARNIVÅ: Margareth Hagen, Åse Wetås, Gro Tjore og Erlend Hem og moderator Siri Kleiven Strøm.

TERMINOLOG OG EAFT-PRESIDENT: Henrik Nilsson

 

 

 

 

 

 

 

Henrik Nilsson, terminolog i CAG Consoden og president i EAFT (den europeiske terminologiforeininga) diskuterte nytten med nasjonale terminologisamlingen. Han delte også sine erfaringar med å arbeide i termgrupper i seminarets del II som fokuserte på gode modellar for samarbeid om terminologiutvikling mellom UH-institusjonane og Termportalen, som er eitt av tiltaka i regjeringa sin handlingsplan.

Det katalanske terminologisenteret TERMCAT i Barcelona vart presentert av prosjektleiar Sandra Cuadrado. I tillegg fekk me presentasjonar av Wenche Åsheim, seniorrådgjevar, Universitets- og høyskolerådet (UHR), Lea Svendsen, førsteamanuensis i klimadynamikk, UiB, Torodd Kinn, professor i nordisk språkvitskap, UiB.

TERMCAT: Sandra Cuadrado presenterte eit imponerande og omfattande arbeid med katalansk terminologi

Seminaret vart avslutta med innlegg ved Ole Thomassen Hjortland, Prodekan for forsking og formidling, UiB og Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Arrangementet i opptak kan du sjå her.

 

 

LANSERING MED KAKE: Lanseringa av Termportalen som infrastruktur og kompetansemiljø vart feira med kake  og gode innlegg og diskusjonar.