
Rune Kyrkjebø
Med 2024 så vidt i gong var planen å kommentere tildelingsbreva til universiteta og høgskulane som kom rett før jul. Tildelingsbreva viser nemleg at regjeringa meiner alvor med handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia som vart lansert i juni. Både krav om norskkompetanse for tilsette og gode modellar for samarbeid om terminologiutvikling mellom institusjonane og Termportalen er framheva.
Men dette må vente til seinare. I jula fekk me nemleg den frykteleg vonde og triste bodskapen om at vår kjære kollega Rune Kyrkjebø døydde 22. desember.
Eg er ikkje den rette til å skrive eit minneord om Rune. Til det kjente eg han ikkje godt nok til å gjere han rettferd. Men eg vil gjerne få seie nokre ord om korleis han har vore viktig for arbeidet med norsk terminologi som eg no er ein del av.
Første gong eg møtte Rune i terminologifagleg samanheng var då eg var forskar ved Norges Handelshøgskole og me søkte samarbeid med Universitetet i Bergen (UiB) for teknisk drift av Termportalen. Termportalen-prosjektet var då ein arbeidspakke i CLARINO-prosjektet[1] ved UiB. Rune kom ut til oss på NHH for å diskutere korleis Universitetsbiblioteket (UB) kunne bidra til å huse den digitale terminologiske infrastrukturen me var i ferd med å byggje opp ved NHH (sjølv om eg ikkje trur me snakka om den som «digital» den gong). UB har nemleg ansvar for å huse ei rekkje spesialsamlingar, både fysiske og digitale, og deriblant Språksamlingane til UiB, der terminologien no også bur.

RUNE TEK I MOT SPRÅKSAMLINGANE. Foto: Rune Nielsen (bt.no 02.09.2016)
I arbeidet med å sikre at Termportalen fekk ein fysisk heim på UB, var Rune sentral som UB sin «mann» i CLARINO. Gjennom CLARINO+ kunne arbeidet fortsetje like fram til UiB fekk eiga finansiering til å vidareutvikle Termportalen som digital infrastruktur og fagmiljø.
Det var også på grunn av Termportalen eg nok ein gong møtte Rune. Som nytilsett terminolog på UB fekk eg Rune som kollega og mentor, og han var den som geleida meg igjennom både administrative rutinar og lunsjvanar på biblioteket. På sitt lågmælte, rolege og blide vis tok han i mot – og forklarte med stort tolmod.
Rune hadde mykje kunnskap som han var raus med å dele. Han kunne både historia innad på UiB, men også nasjonalt og internasjonalt. Og han var heilt sentral i planane om å vidareføre arbeidet med CLARINO og dei behova me har for forskingsinfrastruktur for språkdata ved UiB og nasjonalt. For terminologiarbeidet som no skjer ved Termportalen er CLARINO ein viktig føresetnad. Blant anna treng me CLARINO til å gjere tilgjengeleg fagspråklege tekstkorpus og medietekstar for å fange opp termdanning for omgrep på ei rekkje område.
Å miste Rune er derfor eit stort tap for oss som skal jobbe vidare med desse arbeidsområda. Me kjem til å merke det godt at han no er borte.
Tankane går til Tone Merete, borna og resten av familien i sorga. Dei har mista så uendeleg mykje meir.
[1] Common Language Resources and Technology Infrastructure Norway, https://repo.clarino.uib.no/xmlui/