Skip to main content

Siv Saure loser EU-språket trygt til Noreg

VIKTIG JOBB: Siv Saure er terminolog i Utanriksdepartementet.

Mengda EU-terminologi som må omsetjast til norsk er stadig aukande, og det tar sin terminolog å halda styr på alt. I Utenriksdepartementet er det Siv Saure som held i dei terminologiske trådane. 

Saure har språkfagleg utdanning, med hovudvekt på engelsk, og er statsautorisert translatør. Omsetjingsverksemda blei hennar veg inn i departementet. 

– Eg jobba i mange år som omsetjar på den private marknaden. Så blei det utlyst ei prosjektstilling som omsetjar og tekstrevisor i Utenriksdepartementet, seier Saure til Termportalen aktuelt. 

Då prosjektstillinga nærma seg slutt, var den dåverande terminologen i staben i ferd med å pensjonera seg, og Saure fekk tilbod om å få terminologisk opplæring. Resten er historie: Sidan 2016 har ho arbeidd som terminolog i departementet. 

Ein stor del av dagane til Saure går til arbeidet med Utenriksdepartementet sin EU-termbase, som blir kontinuerleg utvida og vidareutvikla. Den ligg tilgjengeleg på termportalen.no. 

–  Basen består av termar frå EØS-regelverk, og dei termane er på engelsk, fransk og norsk, fortel Saure. 

Termbasen inneheld i skrivande stund nesten 44 000 termpostar. 

Seksjonen Saure er del av består av elleve interne og ti eksterne omsetjarar og ein terminolog, altså ho sjølv, og omset alt av direktiv, forordningar og avgjerder som blir vurderte som relevante for EØS-avtalen. 

–  Alle termane i vår base er brukte i det regelverket på eitt eller anna tidspunkt, seier Saure. 

– Det må vera ein viss konsekvens i termbruken ut ifrå kva som er brukt i tidlegare tekstar. Dei bygger på kvarandre, legg ho til.  

70 bruksområde

–  EØS-avtalen er vidtfemnande, så vi opererer med 70 bruksområde, og dei er definerte etter dei ulike områda EØS-avtalen dekker, legg ho til. 

Ei utfordring er sektorovergripande regelverk, som ikkje lett kan plasserast berre under eitt bruksområde. Nokre termpostar blir derfor merka med fleire slike område. 

– Vi jobbar litt annleis enn andre folk som jobbar med terminologi, rett og slett fordi basen er sett opp med bruksområde parallelt med EØS-avtalen, seier Saure. 

Den største tekstmengda finn ein på området transport, som inkluderer både luftfart, jernbane og vegtransport. Deretter kjem tekstar som har med matproduksjon og dyrehald  å gjera. Sjølv om Noreg ikkje er med i den felles landbrukspolitikken til EU, er det likevel mange tekstar frå dette området som må omsetjast til norsk. 

I tillegg kjem store tekstmengder på finansområdet, med til dømes bank- og forsikringsverksemd og verdipapirhandel. 

– Vi handterer òg terminologi på så forskjellige område som miljø, statistikk, lækjemiddel, opphavsrett og personvern, berre for å nemna nokre, seier Saure. 

Godt ekspertsamarbeid

Omsetjarane har ansvaret for å ekserpera og legga inn termkandidatar i basen. 

– Viss det er veldig tung fagterminologi, får dei termvala klarerte av faginstansane som eig teksten. Så er det min jobb å kontrollera at alt er på plass, og at alt er konsekvent med tidlegare termbruk som vi har fått godkjent, seier Saure. 

– Min jobb er å godkjenna termane når dei er heilt avklarte med fagfolka, legg ho til. 

Omgrep som ikkje er sentrale i ei rettsakt er ofte allereie definerte når Saure og omsetjarane får dei på bordet. Då må dei forhalda seg til den etablerte definisjonen. 

– Dei termane som blir brukte i fagmiljøa i Noreg stemmer ikkje alltid overeins med definisjonen. Det kan bli diskusjonar, seier Saure.  

– Vi har veldig gode og samarbeidsvillige fagmiljø som har eigarskap til tekstane, legg ho til. 

Område dominert av engelsk

UD-terminologen fortel om utfordringa med fagområde der dei engelske termane dominerer nærmast fullstendig. Ho nemner terminologien knytt til verdipapirhandel som døme. 

– Der kan det vera vanskeleg å finna fornuftige løysingar på norsk, seier Saure. 

Eit døme frå dette bruksområdet er omgrepet short selling, frå UD sin EU-termbase. Der er den engelske termen så hyppig brukt på norsk at omgrepet har fått termen shortsalg på bokmål, med ein merknad om at termar som blankosalg, mangelsalg, stuttsalg og kortsalg òg er i bruk. 

Ein annan metode, som dei òg har brukt ein del i omsetjinga av finansterminologien, er å laga ei beskrivande omsetjing av omgrepet, for så å setja den engelske termen i parentes bak. 

Fagrådsmedlem

Saure er òg medlem av Termportalen sitt fagråd. Der sit ho med representantar for mange av dei ressursane som er med i Termportalen. 

– Fagrådsarbeidet er veldig interessant, og folka er veldig entusiastiske, seier Saure. 

– Vi skal på ein måte vera eit overordna, rådgivande organ. Det går meir på strategi. Vi sit ikkje og diskuterer termar, for å seia det sånn, legg ho til. 

Eit arbeidsliv i standardiseringa og terminologien si teneste

FAGSPRÅKS-NESTOR: Håvard Hjulstad har bidratt til å gjera norsk terminologi tilgjengeleg på ei rekke fagområde. (Foto: Standard Norge)

Termportalen presenterer den neste tida eit utval fagfolk som speler eller har spelt ei viktig rolle i fagmiljøet for terminologi og fagspråk. Håvard Hjulstad (74) er blant dei som har brukt store delar av sitt liv og virke på utviklinga av norsk fagspråk. 

Hjulstad sitt arbeid med terminologi tok til for over 50 år sidan. 

– Det byrja eigentleg med Norsk landbruksordbok, der eg byrja som medredaktør i 1970, seier han til Termportalen.  

Til og med 1979 arbeidde han med landbruksordboka, som enda opp med vel over 20 000 oppslagsord.  

– Ho er utgitt på Samlaget og har oppslag både på bokmål og nynorsk, seier Hjulstad. 

“Galen hylle”

Med studiestart i 1969, blei det ikkje mykje studietid før han òg gjekk i gang med terminologi og ordbokarbeid. At det var nettopp terminolog og omsetjar Hjulstad skulle bli, var ikkje heilt intuitivt ut ifrå studieretninga han valde: Han har eit mellomfag i indoiransk språkvitskap, eitt i samanliknande indoeuropeisk språkvitskap og eit grunnfag i germansk språkvitskap. 

– Det var historisk språkvitskap eg studerte, og det mest moderne språket eg var borti i den samanhengen, var gammalnorsk, spøker Hjulstad. 

– Sidan eg byrja med ordbokarbeid samtidig med studiet, veit eg ikkje om det var jobben som var på galen hylle, eller om det var studiet. Det blei meir ordbøker og terminologi etter kvart, legg han til. 

Datamaskinell språkbehandling

Frå 1979 fekk Hjulstad jobb ved det som den gongen heitte Prosjekt for datamaskinell språkbehandling (PDS), knytt til Nordisk institutt ved Universitetet i Bergen. 

– Det var starten på det som etter kvart blei Norsk termbank, seier Hjulstad. 

Han fortel at PDS blant anna arbeidde mykje forskjellig, blant anna datamaskinelle metodar til språkvitskaplege føremål. 

– Ordbøker og terminologi var ein bit av det, seier Hjulstad. 

Rådet for teknisk terminologi

I 1985 gjekk Hjulstad over til å jobba i Rådet for teknisk terminologi (RTT), som laga og gav ut fagspråklege ordbøker for enkeltfag. Hjulstad blei konstituert som generalsekretær i RTT i 1987, og han leia organisasjonen fram til 2001. 

– Då var det ikkje liv laga lenger, dessverre. Det blei heilt klinkande klart at det ikkje gjekk an å driva med den aktiviteten vi dreiv med, basert på lønnsemd, seier han. 

Då konkursen var eit faktum kjøpte forlaget Vigmostad og Bjørke AS RTT-materialet for å sikra innhaldet. Dermed kjem RTT framleis nye generasjonar brukarar til nytte; brorparten av RTT-materialet er tilgjengeleg som søkbar historisk ressurs i Termportalen.  

Hjulstad er heller ikkje heilt ferdig med RTT: Han er hyra inn av Termportalen for å gå gjennom materialet den neste tida.  

Standardisering og terminologi

Etter tida i RTT var Hjulstad sjølvstendig næringsdrivande ei stund. 

– Så fekk eg eit prosjekt som eigentleg var knytt til europeisk standardisering, seier Hjulstad. 

Han fortel at arbeidet var lagt til sekretariatet for ei fokusgruppe for kulturelt mangfald. Det gjekk blant anna på å kartlegga europeiske teiknsett og stavekontrollsystem av ymse slag. 

– Den europeiske gruppa eg var medlem av såg på alt som var i gang av IT og kulturelt mangfald i Europa. Den jobben var plassert i forløparen til Standard Norge, seier han. 

I 2003 blei Standard Norge oppretta, som ei samanslåing av fire eksisterande organisasjonar.  Hjulstad blei involvert i mykje av Standard Norge sitt arbeid med terminologi. 

– Det er jo terminologi i alle standardar. Standardane blir jo omsette, og du får samsvarande terminologi på fleire språk, seier han. 

– Det er eit stort terminologiarbeid som skjer i standardiseringa, både nasjonalt og internasjonalt. 

Hjulstad arbeidde i Standard Norge til han pensjonerte seg i 2019, men pensjonisttilværet stoppar han ikkje frå å ta på seg nokre oppdrag her og der. 

– Eg kallar meg hobbypensjonist, spøker han. 

Hindrar tvitydigheit

Hjulstad er tydeleg på at terminologi og fagspråk framleis er eit viktig område. 

– Det blir stadig meir og meir viktig. Vi kommuniserer meir, og eit vesentleg poeng her er at vi kommuniserer via maskiner, seier han. 

Han trekker fram at maskiner er endå meir avhengige av eintydigheit, enn det menneske er. 

– Det dyttar fram behovet for utviklinga av eintydig terminologi, seier Hjulstad. 

– Både i standardisering og samfunnet elles er det heilt sentralt at ein er einig om kva ein snakkar om. Det  å fjerna tvitydigheit og forvirring i kommunikasjonen er det terminologiarbeid dreier seg om i det store og heile, avsluttar han. 

Ingrid Simonnæs er ein rettslingvistisk pioner

 

FRAMLEIS AKTIV: Professor emerita Ingrid Simonnæs forskar framleis. (Foto: Hallvard Lyssand/NHH)

Termportalen presenterer den neste tida eit utval fagfolk som speler eller har spelt ei viktig rolle i fagmiljøet for terminologi og fagspråk. Professor emerita Ingrid Simonnæs (81) har eit langt yrkesliv i fagspråkets teneste bak seg. 

Simonnæs byrja den akademiske karrieren sin ved det som den gongen heitte Germanistisk institutt på Universitetet i Bergen. Der var ho både student, og etter kvart vitskapleg assistent.

– Då eg var ferdig med hovudfag der (cand. philol.) i 1972 , søkte eg på jobb som amanuensis på NHH. Eg enda opp på det som no heiter Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon, først som amanuensis frå 1973 og frå 1985 som førsteamanuensis, fortel Simonnæs.

 

 

 

Avhandling og opprykk

I 2004 leverte Simonnæs si dr.art.-avhandling ved UiB om forståingsproblem i fagtekstar og omgrepssystem som verkemiddel i kommunikasjonen mellom fagfolk og lekfolk. Avhandlinga var skriven på tysk.

– Tysk er faget mitt og morsmålet mitt, men eg har budd i Noreg heilt sidan 1956 seier Simonnæs.

Avhandlinga førte til at ho blei professor i 2004. I 2012 gjekk ho av med pensjon.

– Men eg har framleis eit verkeleg fint kontor på instituttet som eg deler med ein annan professor emeritus, fortel Simonnæs.

Translatør og terminolog

Å bli terminolog var ikkje alltid i planane til Simonnæs, som har hovudfag i tysk, mellomfag i fransk og grunnfag i allmenn litteratur.

Vegen til terminologien var ein prosess som starta etter at å ho blei statsautorisert translatør i norsk-tysk/tysk-norsk i 1985.

– I samband med dette, blei eg hanka inn til å vera sensor for eksamensoppgåvene i språkkombinasjonen tysk-norsk. Ansvaret for gjennomføring av autorisasjonsprøven (tidlegare kjent som translatøreksamen) har NHH hatt sidan 1986 på vegne av Kunnskapsdepartementet. Som sensor ser ein ganske fort kor skoen trykker, seier Simonnæs.

Ho såg at mange av studentane som tok eksamenar i omsetjing mellom norsk og tysk mangla viktig terminologi.

– I dette tilfellet gjaldt det spesielt dei juridiske tekstane, som del av dei tre fagtekstene som blir testa, seier ho.

Eitt av problema var mangelen på gode hjelpemiddel. På denne tida, på 90-talet, fanst det nemleg inga norsk-tysk juridisk ordbok. Det fann Simonnæs ut at ho måtte gjera noko med.

– Så byrja eg å ekserpera og ta vare på termar. Eg laga den første norsk-tyske juridiske ordboka på marknaden, fortel Simonnæs.

I 1994 kom nybrottsverket Norsk-tysk juridisk ordbok ut.

Overført til Termportalen

– Frå den trykte versjonen var det naturleg å komma vidare til det som no er Termportalen, seier Simonnæs.

I arbeidet med prenteversjonen hadde ho opparbeidd ein database med ulike oppslagsord og definisjonar, i tillegg til relevante kontekstar.

– Eg måtte lesa mykje faglitteratur, og denne tok eg vare på, seier Simonnæs.

Overføringa av databasen til termbasen i Termportalen var lang frå eit kopiarbeid. I prosessen har Simonnæs arbeidd aktivt med oppdatering av terminologien i basen frå 90-talet.

– For kvart oppslagsord har eg prøvd å kryssjekka det mot nyare litteratur. Det kan jo ha skjedd endringar for jussen er dynamisk, seier ho.

Sidan arbeidet med den opphavelege databasen, har det òg skjedd store utviklingar på internett, og andre kjeldetypar enn berre den tradisjonelle faglitteraturen i prentversjon har kunna konsulterast.

– Eg har gått mykje inn på nettsidene til advokatkontor og til statlege myndigheiter, både norskspråklege og tyskspråklege, fortel Simonnæs.

På desse nettsidene kunne ho ofte finna både omgrep og forklaringar, og viss ho fann omgrep som ho ikkje allereie hadde i termbasen sin, la ho dei inn. Tilsvarande blei gjort for oppdatert faktainformasjon.

Viktig å sjå samanhengen

– Når du jobbar med fagspråk, må du skaffa deg innsikt i fagområdet. Du må lesa mykje av faglitteraturen på fagområdet og sjå samanhengen i korleis fagområdet er strukturert, seier Simonnæs.

For å forstå samanhengen mellom dei fagomgrepa, kan ein gjera bruk av omgrepssystem, der ein viser relasjonane mellom ulike omgrep basert på ulike inndelingskriterium.

– Eit lett forståeleg døme: Viss du snakkar om eit bartre, altså eit tre som har nåler, så veit ein at det er noko anna enn eit tre som har blad. I eit omgrepssystem høyrer begge til overomgrepet TRE. Bartrær og løvtrær kan igjen underinndelast, for eksempel lerk, furu og gran på den eine sida og bjørk, eik og lønn osv. på den andre sida. Då har ein eit generisk omgrepssystem for TRE. Ei slik inndeling kan ein lett konstatera i den verkelege verda, forklarer Simonnæs.

– Men juridiske omgrep er ofte abstrakte, og det gjer det vanskeleg å sjå korleis dei ulike omgrepa heng saman, legg ho til.

I arbeidet med Norsk-tysk juridisk ordbok og NOJU-basen i Termportalen, har Simonnæs laga omgrepssystem i nokre naudsynte tilfelle, men omfanget i arbeidet hindra ho frå å gjera det for kvart einaste omgrep.

– Det har ikkje vore slik at eg har kunna ta omgrepssystema i heile si breidde. Eg har ofte avgrensa meg til det mest essensielle, seier ho.

Sikrar forståing

Vidare i karrieren har Simonnæs grave seg djupare og djupare ned i fagfeltet. Det å skapa forståing gjennom god og eintydig terminologi står sentralt i arbeidet hennar.

– Det heile står og fell på å forstå det som ein les, og med “forstå” meiner eg ikkje berre å lesa det som ord, men å plassera det i ein kunnskapssamanheng, seier ho.

Ein lesar, eller mottakar, har ikkje alltid den same oversikta over fagfeltet, som det avsendaren har. Simonnæs trekker fram terminologien som ein type skilt/vegvisar som bidrar til ei slik oversikt.

– Viss vi skal ha fagkommunikasjon, er vi nøydde til å bruka vegvisarar som peilar deg inn på det området du vil lesaren skal kunna forstå, seier Simonnæs.

Eit fagfelt med mykje historie i Bergen

LANG RØYNSLE: Johan Myking er professor emeritus ved UiB.

Termportalen presenterer den neste tida eit utval fagfolk som speler eller har spelt ei viktig rolle i fagmiljøet for terminologi og fagspråk. Ein av dei som har prega fagspråkmiljøet i ei årrekke er Johan Myking, professor emeritus frå Universitetet i Bergen (UiB).  

Eg kom inn i dette her som ganske fersk nyutdanna filolog i 1985, seier Myking. 

Den gongen blei han med på eit prosjekt som handla om fornorsking av oljeterminologi ved det som i mange år heitte Norsk termbank.  

– Det var mange filologar som blei engasjerte i det prosjektet, fortel han vidare. 

Sidan gjekk Myking vidare til å bli førsteamanuensis ved Nordisk institutt ved UiB og seinare skriva doktorgrad innanfor oljeterminologi. Etter opprykk til professor var han frå 2011 til 2018 instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved UiB, før han gjekk av med pensjon i 2019. I fire år var han òg leiar for Språkrådet sitt fagråd for fagspråk og terminologi. 

Tilgjengeleg i Termportalen

Det tidlege arbeidet med fornorskinga av oljeterminologien munna ut i det som no er NOT-basen, som no ligg tilgjengeleg i Termportalen. 

– NOT-basen var eit produkt av arbeidet med oljeterminologi, supplert med andre terminologiprosjekt på  1990-talet. Han blei utvikla som ei abonnementsordning for oljebransjen og blei seinare marknadsført på CD, fortel Myking. 

Dei siste åra har ikkje termbasen blitt oppdatert, og han er såleis å rekna som ein historisk ressurs. 

– Dette er òg historia om datateknologi som har utvikla seg, seier Myking. 

Han fortel at dei i starten la terminologi over på vanlege filer i eit stormaskinsystem, og for så å supplera den norske terminologien med engelsk og omvendt, der det mangla noko. 

– Så har det vore raffinert seinare, etter kvart som ein hadde ledig tid, legg Myking til. 

Historisk kontinuitet

– Når Termportalen no er kommen til Bergen, går det ei lang historisk linje her, seier Myking. 

Han trekker fram terminologisk samarbeid mellom UiB og fagspråksmiljøet på Noregs handelshøgskule (NHH). Med relokaliseringa av Termportalen til UiB, var ringen på eit vis slutta. 

– Termportalen kom jo til UiB frå NHH. Så Termportalen er noko nytt, men det er likevel ikkje heilt nytt. Det ligg ein historisk kontinuitet der, seier emeritusprofessoren. 

– Eg trur ikkje UiB hadde vore i stand til å møta dette behovet om det ikkje var for to grunnar, overføringa av Språksamlingane i 2016 og historia med kvalifiserte folk som har jobba med terminologi, legg han til. 

Sikrar eit levande språk

Myking meiner at arbeid med terminologi og fagspråk både er og har vore viktig. 

– Viss norsk språk skal vera fullt utvikla og brukande til alle føremål, så må det vera terminologi på norsk, og det må koplast til det internasjonale, seier han. 

Han trekker fram at universitets- og høgskulesektoren speler ei viktig rolle i dette arbeidet, og at ein slik jobb krev menneskeleg arbeidskraft for å laga termane og definisjonane. 

– Dette må gjerast av menneske. Dette kan ikkje kunstig intelligens gjera for oss. Det er berre menneske som kan gi presise definisjonar og forklaringar på omgrep, avsluttar Myking. 

– Det er viktig å kunna formidla vitskapane våre på norsk

SPRÅKRØKTAR: Maria Hammerstrøm både bruker og forvaltar norsk fagspråk. (Foto: Privat)

Arbeidet med å overføra Språkrådet sine termwikiar til Termportalen er i full gang. Så langt har termbasane for astronomi, bibliotekfag, biologi, celle- og molekylærbiologi, kjemi, klima og lingvistikk funne vegen til termportalen.no. 

Bak termbasen for astronomi står ei faggruppe leia av astrofysikar og vitskapsformidlar Maria Hammerstrøm. 

Hammerstrøm la merke til behovet for eit godt tilgjengeleg norsk fagspråk allereie tidleg i studietida. 

– Då vi studentane skulle snakka saman, blei det mykje blanding mellom norsk og engelsk. Vi visste ikkje kva ting heitte på norsk, sidan pensum og undervising gjekk føre seg på engelsk, og det blei veldig rart, seier Hammerstrøm. 

 

 

 

Kontakta av Språkrådet

Som student skreiv Hammerstrøm eit blogginnlegg nettopp om norsk fagspråk i astrofysikkfeltet. Det blei fanga opp av Språkrådet, som inviterte Hammerstrøm til eit møte. Resultatet blei astronomi-termbasen, der fleire sentrale fagpersonar innanfor feltet er involverte. 

– Det er fleire professorar frå Institutt for teoretisk astrofysikk ved Universitetet i Oslo som er med i faggruppa. Dei har vore veldig interesserte i å bidra med tida og kunnskapen sin, seier Hammerstrøm. 

Som vitskapsformidlar har Hammerstrøm førstehandskunnskap om kor viktig fagspråket er i formidlinga. 

– Skal ein driva med formidling, funkar det ikkje å plutseleg ha mange engelske ord i ei norsk setning. Har ein eit norsk fagspråk, vil folk forstå betre kva det handlar om, seier ho. 

– Det er viktig å kunna formidla vitskapane våre på norsk. 

Har testa ut Termportalen

No som termbasen for astronomi er ferdig importert til Termportalen, har Hammerstrøm òg fått prøvd ut redigeringsapplikasjonen. Der har ho lagt inn både nye termar og omgrepsrelasjonar i dei gamle termpostane. 

– I Termportalen kan ein laga hierarki av korleis omgrep heng saman. Det kunne vi ikkje i termwikiane, seier astrofysikaren. 

Ho meiner arbeidet med omgrepsrelasjonar kan gi auka forståing for fagomgrepa. 

– Du blir tvungen til å verkeleg tenka gjennom korleis termane blir brukte og relaterer seg til kvarandre, seier ho.