Fredag 15. november tek Termportalen i mot det nasjonale fagrådet sitt. På møteplanen står blant anna prioritering av nye fagområde, bruk av KI i terminologiarbeidet, brukarerfaringar frå eit omsetjarperspektiv og integreringa av SNOMED CT i Termportalen.
Termportalens nasjonale fagråd består av fagpersonar som samla gir ein brei kompetanse som er viktig i arbeidet med å vidareutvikle den nasjonale infrastrukturen for terminologi. Du kan lese meir om fagrådet og kven som er medlemmer på Termportalens nettsider.

Fagrådet samla til møte januar 2024.
Fagrådet gir både faglege og strategiske råd i tråd med eit eige mandat.