
Termportalen lanserer ein splitter ny termbase innan dyrefysiologi. Denne termbasen vert oppdatert fortløpande og inneheld per no rundt 30 omgrep med termar og synonym relaterte til synssansen på bokmål, nynorsk, engelsk og latin. Termbasen inneheld òg termar til bruk i formidling og definisjonar på bokmål. Målet er å byggje opp basen til å dekkje alle grunnleggjande omgrep som omhandlar dyrs fysiologi.
Initiativet
Initiativet til termbasen kom frå Ragnhild Irene Klæboe Jacobsen, som underviser i dyrefysiologi ved Institutt for biologi ved NTNU. Med undervisning på norsk og lærebøker på engelsk var det ein stor jobb å finne gode omsetjingar av fleire hundre engelske termar, som det i tillegg ikkje alltid eksisterte omsetjingar for. Med håp om at dette arbeidet kunne gjerast ope tilgjengeleg og dermed kome til nytte for fleire, tok ho kontakt med Termportalen. Ved hjelp av Termportalens ekspertise fekk Ragnhild oppretta ei arbeidsgruppe og ei referansegruppe, for å forankre terminologien i fagmiljøet og kvalitetssikre den.

Arbeidet
I ein travel kvardag kan det vere vanskeleg å prioritere arbeid med norsk fagspråk, men eldsjeler finst, heldigvis. Dei eldsjelene Ragnhild fekk med på laget, består av fagpersonar frå fem forskjellige institusjonar. I arbeidsgruppa finn vi Siv Eggen (NTNU), Pia Ve Dahlen (Lei en biolog), Rudolf Svensen (Museum Stavanger) og Gunnar Mikalsen Kvifte (Nord Universitet). Referansegruppa består av Vebjørn Jacobsen Melum (UiT) og Kyrre Haugen (NTNU). Gjennom jamlege møte har dei i løpet av 2025 utarbeidd terminologi på fire språk for rundt 30 omgrep knytte til synssansen. Dei har i tillegg utvida arbeidet til å inkludere definisjonar og termar som er nyttige i formidlingssamanheng.

Vegen vidare
Termgruppa i dyrefysiologi arbeider vidare inn i 2026, i første omgang med mål om å inkludere alle dei sansane dyr har. Deretter ventar fleire spennende tema innanfor fysiologien si verd.
Publiseringa av dyrefysiologibasen i Termportalen betyr ikkje at terminologien er hoggen i stein:
– Språk er ikkje statisk. Ei heller ønskjer vi i termgruppa å vere absolutte autoritetar på terminologien, så vi tek gjerne imot innspel til endringar, avrundar Ragnhild.



