Nysgjerrig på kva dei ulike KI-omgrepa heiter på norsk? I Termportalen kan du no søka blant 38 omgrep med termar på nynorsk, bokmål og engelsk!
Termgruppa som har arbeidd med basen var sett saman av Albertine Aaberge (NDLA), Egil Rønningstad (UiO), Marion Federl (NDLA), Petter Mæhlum (UiO), Sonja Nygaard-Joki (HIOF) og Hilde Johansen (terminolog i Termportalen).
– Gratulerer og takk til alle saman i gruppa for faglege diskusjonar og språknerding, seier Alberte Aaberge, termgruppemedlem og fagredaktør for IT- og mediefaga hos NDLA.

Illustrasjon: Colourbox
Stadig nye termar og omgrep
Aaberge fortel om eit arbeid som har vore både interessant og innsiktsgivande.
– På den andre sida har det òg vore utfordrande. Det er nytt at KI er blitt popularisert, og det har blitt eit strekk mellom dei etablerte fagomgrepa og uttrykk som blir brukt i media og det offentlege ordskiftet, legg ho til.
Sjølv om termgruppa er ferdig med sitt arbeid, er KI-språket langt frå ferdig utforska. Domenet er nemleg i konstant utvikling.
– Sidan vi hadde diskusjonane våre i 2024/2025, er det komme mange fleire omgrep, fleire utan vitskapleg opphav. Så her er det nok å ta av, seier Aaberge.
Å tenka terminologisk
I arbeidet har dei omsett etablerte engelske termar og uttrykk for bruk i vidaregåande opplæring og høgare utdanning. Dei har i tillegg skrive eigne definisjonar.
Terminolog Hilde Johansen i Termportalen syntest det var spennande å arbeida med KI-terminologien og å delta i diskusjonane om korleis omgrepa skulle definerast.
– Innanfor den terminologiske metoden er det fastsette reglar for korleis ein skriv definisjonar. Gruppa har vore nøydd til å tenka seg ekstra om for å komma fram til definisjonar som er dekkande for omgrepet utan å vera for tekniske, seier Johansen.
– Resultatet er ein nyttig og gjennomarbeidd termbase, legg terminologen til.
Klikk her for å søka i den flunkande nye KI-termbasen!
Fakta om termbasen Kunstig intelligens
Domene: IKT
Språk: nynorsk, bokmål og engelsk.
Tal på omgrep: 38.
