Palliasjon, eller lindrande behandling, er fagfeltet som omhandlar heilskapleg behandling, pleie og omsorg til personar med helserelatert lidelse på grunn av alvorleg sjukdom, og særleg i sluttfasen av livet. Etter ein periode med mange medisinske nyvinningar og stor behandlingsoptimisme, fekk palliasjon fornya interesse gjennom den internasjonale hospicerørsla og utviklinga av palliativ medisin frå 1960-talet. I Noreg kom dei første palliative teama og lindrande einingane på 1990-talet. Sidan den tid er behandlings- og omsorgstilbod innan lindrande behandling bygd ut over heile landet, saman med tilbod om vidareutdanning i palliasjon for ulike yrkesgrupper.

Når vegen går mot slutten, er det mange som treng lindrande behandling. No er over 80 palliasjonsomgrep søkbare i Termportalen. Foto: Kjersti Solvåg
Den tverrfaglege Norsk Palliativ Forening og legeforeininga Norsk forening for palliativ medisin såg tidleg trongen for å gje ut ei felles liste med omgrep knytt til palliasjon, for å gje ei felles forståing og referanseramme. Den første lista vart publisert av dei to foreiningane i 2014. I 2024 kom ei revidert utgåve av omgrepslista, og denne har danna grunnlaget for den nye termbasen. I Termbase for palliasjon har omgrepslista vorte utvida og revidert, også med norske avløysartermar for nye engelskspråklege omgrep. Termbasen er avstemd mot nasjonale faglege råd og rettleiarar som omhandlar palliasjon.
Klikk på denne lenka for å komme til den nye termbasen.
Sidan Termbase for palliasjon bygger på omgrepslista frå Norsk Palliativ Forening og Norsk forening for palliativ medisin, høver det godt at termbasen er klar til lansering på landskonferansen i palliasjon, som går av stabelen 23.–25. september i år. Landskonferansen blir arrangert av desse to foreiningane og er det viktigaste møtepunktet for alle som jobbar med lindrande behandling i Noreg.
Målgruppa for den nye termbasen er undervisarar, studentar, helsepersonell og andre fagpersonar som ønskjer kunnskap om lindrande behandling og omsorg ved slutten av livet. Vi håpar at Termbase for palliasjon vil verte ein felles, nasjonal ressurs for alle med tilknyting til det palliative feltet. Termbasen med merknadsfelta vil verte kontinuerleg oppdatert og kan også gje nyttig informasjon til pasientar, pårørande og allmenta.
Teksten er skriven av prof. em. i palliativ medisin frå Universitetet i Bergen, Dagny Faksvåg Haugen, som har spelt ei nøkkelrolle i arbeidet med å vidareutvikle dei eksisterande omgrepslistene til ein ny termbase.
Fakta om Termbase for palliasjon
Domene: Helse og sosial.
Språk: nynorsk, bokmål og engelsk.
Tal på omgrep: 82.
